Vestlandscowboy

bookmark

Eit møte med Ragnar Hovland

onsdag 12. oktober 2011, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Etter kvart har eg funne ut, om enn litt motstrebande, at det meste her i livet minner meg om Vestlandet.

Det skriv Ragnar Hovland i den seinaste romanen sin, Stille natt. Her møter vi ein forfattar som har loge på seg å ha vore fleire år til sjøs, og som forlaget no vil ha til å skrive den store sjøfartsromanen. Men det blir ikkje nokon roman. I staden dreg han av garde med rusten bil på smale vestlandsvegar for å møte Tomas D., ein kompis frå barndommen. Tomas D. er nemleg alltid klar for å fortelje røvarhistoriar om gamle kjende som eg-personen kan skrive om. Stille natt er òg ei historie om familien til forfattaren, der ein ikkje klemmer så mykje, og der ingen veit kor det har blitt av dei to yngste av i alt fem brør. Men ingen ber nag av den grunn.

Ragnar Hovland har eit heilt eige blikk på verda. Dei slentrande orda hans set dei rare figurane og situasjonane i eit halvrealistisk lys, og likevel er alt så upretensiøst og nøkternt skildra. Alt det før ein i det heile har rokke å nemne humoren som gjennomsyrer alt. Den som gir bøkene hans eit eige varemerke og gjer at dei blir attkjende som hovlandske.

På Litteraturhuset møter Ragnar Hovland forfattarkollega Mikkel Bugge til samtale om den smale vegen fram til ferdig bok og om kvifor Vestlandet aldri slepper taket. Dessutan blir det hovlandske helsingar frå Agnes Ravatn og Jon Øystein Flink.