Boklansering: Språket er ei bukse

Boklansering: Språket er ei bukse

bookmark

Om biletbruken i norsk språk

torsdag 16. mai 2019, kl. 19:00 til kl. 20:00

Sal: Nedjma

Arrangør: Det Norske Samlaget

Inngang: Gratis

Kristin Fridtun er ute med ny språkbok! Denne gongen har ho granska metaforane i norsk språkdebatt frå 1830-talet til i dag.

Når vi diskuterer språk, brukar vi metaforar i argumentasjonen vår – det er ikkje til å unngå. Vi seier at språket «står sterkt» og «er ein felles arv», og vi har omgrep som «språkdyrking», «setningsbygnad» og «språkdrakt». Men kva slags skilnader og likskapar er det mellom metafor-bruken til norske debattantar? Argumenterer riksmålsfolk med andre metaforar enn nynorskfolk?

Fridtun har saumfare ei mengd artiklar, lesarbrev, pamflettar og kommentarfelt og gjort interessante funn som kastar nytt lys over gamle feidar. Granskinga hennar viser òg at mangfaldet av metaforar er stort: Norsk språk har mellom anna vore omtala som ei plante, eit orgel, ei bukse, eit hus og ein sau.

Denne kvelden deler Fridtun nokre av funna sine. Ho har lova oss eit underhaldande føredrag spekka med gullkorn frå norske språkdebattantar.

Innleiing ved redaktør Cecilie Seiness.

Alle er velkomne!