Den litterære detektiven

Med Agnes Ravatn og Bjørn Ivar Fyksen

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Med Agnes Ravatn og Bjørn Ivar Fyksen

Agnes Ravatn står støtt som ein av dei fremste yngre norske forfattarane. Ho er ein av våre store humoristar, ei skarp observatør av menneskeleg dårskap og utprega sjølvstendig. Møt Ravatn i samtale med Bjørn Ivar Fyksen, kritiker og fungerande redaktør i Bokmagasinet til Klassekampen.

Dei sju dørene er tittelen på Ravatn sin tredje roman. Her følgjer vi Nina Wisløff, litteraturprofessor, som tek på seg rolla som etterforskar når leigebuaren Mari forsvinn. Romanen er både ein krim, thriller, eit familieportrett og ei undersøking av faren ved å halde ting hemmeleg. Og i skuggane luskar Æsops fabler og forteljinga om ridder Blåskjegg og alle dei drepne konene hans.

Frå før har Ravatn skrive både Veke 53 og Fugletribunalet. Sistnemde ga henne både Ungdommens kritikerpris og P2-lyttarane sin romanpris. Ho har óg publisert fleire kritikerroste essaysamlingar, og her råkar ofte det skarpe blikket henne sjølv. Ho er óg forfattar av den glitrande sjølvutviklingsboka (som også kan seiest å vere ei antiutviklingsbok): Operasjon Sjølvdisiplin.

Fleire litteraturvitarar bør inn i politiet meiner Ravatn. Ho har óg vurdert å ringje inn tips i Orderudsaka. No snakkar ho med Fyksen om kvifor, om sin nye roman og om forfattarlivet så langt.

Litteraturhuset Amalie Skram Voksne Billett https://litteraturhuset.ticketco.events/no/nb/e/den_litteraere_detektiven_med_agnes_ravatn_og_bjoern_ivar_fyksen

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!