Død på grunn av ein øyrefik

Død på grunn av ein øyrefik

bookmark

Det kosta å vera kar i vikingtida

torsdag 30. november 2017, kl. 19:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Saga Bok

Inngang: Gratis

Solveig Aareskjold har i årevis arbeidd med å gjera den eldre litteraturen meir kjend. Boka Astridene. Kvinnene kring Olav Tryggvason fortel om innverknaden til mor, søstrer, trufaste hustruer og farlege damer, og korleis slaget ved Svolder i røynda var eit kvinneoppgjer mellom Olavs kone og ekskjærast. Musikk ved Øyonn Groven Myhren.

Kva er det alle kvinner vil ha? I forteljingane frå vikingtida er svaret enkelt: Alle kvinner vil ha ære. Dess stoltare ei kvinne er, dess meir attraktiv er ho for mennene, sjølv om ho stiller så høge krav at det går på livet laus. Olav Tryggvason var all sin dag avhengig av å ha kvinnene på si side. Han blei berga gjennom spedbarnstida av ei snarrådig mor, nådde vaksen alder ved hjelp av ei klok fostermor og fekk styringa over Noreg på grunn av søster si. Men fordi han trakka på æra til Sigrid Storråde, hamna han i slaget ved Svolder, der han stupte i sjøen og forsvann.

Solveig Aareskjold debuterte som romanforfattar med romanen Det indre tempel i 1987 og som essayist med Kyss meg i diskursen i 1996. I seinare år har ho gått sterkt inn for å gjera eldre litteratur meir kjend, mellom anna med bøkene Valkyrjesong (2012) og Lesebok for jenter (2014).

 

Program 16 - 18. desember

Program 4. januar - 3. februar