Dråpen og begeret i utmark

Dråpen og begeret i utmark

bookmark

Om tålegrenser for utmarksbruk

mandag 12. november 2018, kl. 08:30 til kl. 10:30

Sal: Kjelleren

Arrangør: Ruralis, Nibio, NMBU og Norut

Inngang: Gratis

Friluftsliv, fritidsboligar, vindkraftutbygging og gruvedrift kan skape livskvalitet og arbeidsplassar, men utfordrar samstundes tradisjonell utmarksbruk som sau- og reinbeite. Vi inviterer alle med interesse for utmarksressursane til frukost, der vi diskuterer utmarksbruk – kor stort begeret er, kva det kan innehalde, og kva dråpen som kan få det til å renne over er.

Innleiing: Utmark i endring – eit nettverk om «tida og tilhøva» i utmarka 
Frode Flemsæter, Ruralis, Institutt for rural og regional forskning

Tålegrenser i utmarka. Nye etableringar i utmarka i møte med samisk reindrift – og handteringa av konfliktene
Jan Åge Riseth, Norut

Rettslege verktøy for konflikthandering i utmarka
Katrine Broch Hauge, Institutt for eiendom og juss, NMBU

Sumverknader i utmarka. «Opponering» og innleiing til diskusjon
Bjørn Egil Flø, Nibio – Norsk institutt for bioøkonomi

Diskusjon

Utmarksressursane i Norge er mangfaldige og har til alle tider vore viktig, for lokalsamfunnet så vel som for storsamfunnet. Men ”tida og tilhøva” – som det heiter i fjellova – endrar seg. Utmarka blir sett på med nye og andre auge, og dei samla verknadane av ny-etablert og tradisjonell utmarksbruk kan gjere at «utmarksbegeret» blir fullt, og for enkelte næringar kan berre ein dråpe til vere nok for at det renn over.

Dette er det andre av ein serie av opne møter arrangert av forskarnettverket «Utmark i endring – eit nettverk for eit heilheitleg perspektiv på ”tida og tilhøva” i utmarka». Forskarane i nettverket har som mål å føre forsking, forvaltning, industri og brukarar tett saman i kunnskapsproduksjonen for bærekraftig utmarksbruk.

Det blir servert ein enkel frukost til alle som kjem. Velkomne!

Nettverksdeltakarar: Ruralis, Nibio, NTNU, Norut, NMBU, Østlandsforskning, NINA, Nordlandsforskning, NIKU