Eit ansikt, eit menneskeFoto Lars Petter Sveen: Akam1k3 / Aschehoug forlag. Foto Warsan Ismail: Tale Hendnes / Litteraturhuset. Bearbeidet av Gladesigner

Eit ansikt, eit menneske

bookmark

Lars Petter Sveen og Warsan Ismail

onsdag 22. november 2017, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: E-billett

Priser: Ordinær 90,- Student 60,-

«Ikkje la nokon fortelje di historie, Aisha. Den er di, berre du veit kven du er, kva du flyktar ifrå. Dei vil berre fortelje det slik dei ser det, med sine auge. Men deira auge har ikkje sett det du har sett.»

Fem ungdommar i ein båt på veg over Middelhavet. Frå Somalia vil dei kome seg til Europa, over havet der så mange før dei ikkje har greidd seg. Berre dei veit kva dei ber med seg, kva dei har forlate.

Lars Petter Sveens nye roman Fem stjerner, den fyrste av to bøker, gjev oss historia til desse unge menneska, som flyktar frå livet som fangar og soldatar. Alle har dei namn, familiar og draumar. Said drøymde om å bli fotballproff. Aisha håpte at mora ein dag skulle seie at ho skulle få gå på ein god skule og sleppe å gå heime blant småsøskena. Så kom Al-Shabaab.

Sveen er ein av våre mest nyskapande forfattarar og er blant dei ti fremste unge norske forfattarane kåra av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival. Han vann Tarjei Vesaas’ debutantpris 2008 for romanen Køyre frå Fræna og fekk sitt store gjennombrot med den tredje romanen sin, Guds barn. Mørke eller komplekse historier pregar forfattarskapen. Sveen undersøker det vi trur vi veit, og finn nye inngangar til forteljingane til menneske, anten det handlar om Jesu barndom i Galilea eller tankane til ein somalisk sekstenåring.

Under arbeidet med den nye boka har Sveen dukka ned i den somaliske munnlege forteljartradisjonen, lese ei rekkje vitneskildringar og sett seg inn i livet i flyktningleirar. Men kva rett har han, ein kvit nordmann, til å fortelje denne historia? Og korleis blir boka lesen av ein nordmann som sjølv har somalisk bakgrunn?

Dette er blant spørsmåla som blir stilte når kommentator og medisinstudent Warsan Ismail møter Sveen til samtale. Før samtalen får vi høyre historia om den legendariske dronning Araweelo, som er ei av fleire munnlege forteljingar som blir del av historia i Fem stjerner.

Dette skjer 10 - 24. oktober