Nærlesning av Sissel Bjugn 1Foto/Ill.: Det norske Samlaget

Eit vilt og poetisk liv

bookmark

Nærlesning av Sissel S. Bjugn

fredag 15. mars 2019, kl. 18:00 til kl. 19:00

Sal: Kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Priser: Alle 50,-

Eg vil sitte i den nordnorske blåsten
og dikte til eg også får ein lort i posten.

Sissel Solbjørg Bjugn (1947–2011) skreiv om kjærleik, politikk, kjønnsroller, skrift, erotikk og tru. Litteraturen hennar, frå surrealistiske dikt til sjølvutleverande kronikkar, er prega av intertekstualitet, språkleik og diktarleg overskot. Som ho sjølv sa det: «Solbjørg vil skrive realistisk. Bjugn vil skrive surrealistisk. Sissel vil skrive katolsk. Vi får prøve å sameine oss.»

Forfattar Kristin Auestad Danielsen har latt seg inspirere av Bjugn i eiga skriving. Forfattarkollega og venn Tor Eystein Øverås står bak biografien og tekstsamlinga Skrive, teikne, røre og slåst! Av og om Sissel Solbjørg Bjugn. No møter dei journalist i Klassekampen Astrid Hygen Meyer til eit dykk i ein unik og original forfattarskap.