Fascismens arv: Folkets fiendar
Fascismens arv

Fascismens arv: Folkets fiendar

bookmark

Ved Cora Alexa Døving

lørdag 5. mai 2018, kl. 15:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Før den andre verdskrigen opplevde også Europa ein straum av jødiske immigrantar som flykta frå pogromar. Det skapte spenningar i dei europeiske samfunna som kan hevdast å ha ført til auka antisemittisme. Med den fascistiske brodden ein ser i dag mot innvandring og såkalla framandkulturelle: I kor stor grad kan ein seie at muslimane har blitt dei nye jødane?

Cora Alexa Døving er seniorforskar tilknytt HL-senteret, Senter for studium av holocaust og livssynsminoritetar, og har mellom anna undersøkt kva rolle eit felles fiendebilete har spela for både tidlegare og nolevande fascistar og høgreekstreme. Døving held det tredje føredraget i serien «Fascismens arv» på Litteraturhuset, der me ser dei historiske røtene til fascismen i samanheng med den politiske og sosiale utviklinga i Europa i dag.

Arrangementet er del av satsinga «Folkeopplysning» på Litteraturhuset.

Program 13. februar - 28. april