Fascismens arv: Kva er fascisme?FOTO: Creative Commons
Fascismens arv

Fascismens arv: Kva er fascisme?

bookmark

Ved Elisabetta Cassina Wolff

lørdag 21. april 2018, kl. 15:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Kva særmerkjer fascismen som ideologi og politisk retning? Korleis oppstod han, og korleis har han utvikla seg frå Mussolinis Italia i 1930-åra og fram til våre dagar? Litteraturhuset opnar serien «Fascismens arv» med eit føredrag om dei historiske linene til denne politiske retninga.

Elisabetta Cassina Wolff er fyrsteamanuensis i historie ved Instituttet for arkeologi, konservering og historie ved Universitetet i Oslo og tilknytta Senter for ekstremismeforsking. Denne laurdagen er ho fyrste føredragshaldar ut når me gjennom fire føredrag ser dei historiske røtene til fascismen i samanheng med den politiske og sosiale utviklinga i Europa i dag. For kvar går eigentleg grensene mellom fascisme og andre høgreekstreme og høgrepopulistiske retningar? Kan ein til dømes seie at Trump er ein fascist?

Arrangementet er del av satsinga «Folkeopplysning» på Litteraturhuset.

Program 13. februar - 28. april