Fascismens arv: Økonomi

Fascismens arv: Økonomi

bookmark

Ved Ola Innset

lørdag 26. mai 2018, kl. 15:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Det er brei semje om at mellomkrigstidas økonomiske krise var ein av dei viktigaste grunnane til at nazismen og fascismen fekk så stort gjennomslag i Europa på 1930-talet. Men kva skyldtes krisa, og kva slags politiske lærdommar kan ein trekkje for å unngå at dagens økonomiske krise skal føre like gale av stad?

Heilt sidan andre verdskrig har europeisk økonomisk politikk framfor alt handla om å unngå ein repetisjon av mellomkrigstida og fascismens framvekst. Men analysane av krisas årsaker har endra seg i takt med politiske svingningar. I siste instans er spørsmålet djupt sett politisk: Er det for mykje kapitalisme som leiar til fascisme, eller er det tvert imot sosialistisk politikk?

Ola Innset er forfattar og stipendiat i historie ved European University Institute i Firenze og avsluttar med dette Litteraturhusets serie «Fascismens arv».