Forfattarmøte med Vegard Markhus

Skulebesøk for 1. og 2. trinn

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Forfattermøter våren 2019 Skulebesøk for 1. og 2. trinn

Vegard Markhus både skriv og teiknar, og likar å lage artige og merkelige historier. I Timothy mistar seg sjølv mistar Timothy først ei tann, så armar og bein til berre hovudet er att. Og i Ei kjedeleg bok vil ikkje hovudpersonen vere i boka lenger, men når han finn nokre fargestiftar, endrar alt seg.

I den nye boka Det runde problemet har Robert det ikkje så greitt. Han kan ikkje sjå den blå himmelen eller høyre folka som roper og ler utanfor. Så snublar han i noko som ligg på golvet. Eit hovud! Kanskje til og med hans eige hovud?

No kjem Vegard Markhus for å lese frå boka si, teikne på tavla og kanskje spele litt på gitar. Det blir forfattarmøte tysdag 26., onsdag 27. og torsdag 28. februar kl. 09.30, 10.45 og 12.00. Møta varer om lag 40 minutt. Påmelding til skole@litteraturhuset.no (mailto:skole@litteraturhuset.no).

Litteraturhuset Wergeland Skolebesøk For barn og unge https://www.facebook.com/events/311422062821569/ Fulltegnet

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!