Forfattarmøte med Anna R. Folkestad 1Ill.: Anna R. Folkestad

Forfattarmøte med Anna R. Folkestad

bookmark

Skolebesøk for 1. og 2. trinn

tirsdag 14. november 2017, kl. 09:30

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis med påmelding

Anna R. Folkestad har skrive og illustrert sju bøker for barn, blant anna om Henrik And og om pingvinane Unni og Gunni.

Denne gongen skal ho prate mest om dei tre nyaste bøkene sine: Tanntrøbbel, Krabbekrise og Plommeproblem, som handlar om Besta og Bo.

Bo har nemleg ei bestemor som finn på mykje rart. Til dømes når ho er på stranda. Då er det ikkje sikkert at det er solkrem ho smør seg med. Korleis skal Bo og Besta vinna den store krabbefiskekonkurransen? Og kva gjer Besta og Bo når plommetreet er fullt av gode plommer, men òg fullt av veps?

Anna R. Folkestad fortel frå bøkene sine, om det å vera forfattar – og kanskje kan ho òg gi gode råd dersom nokon har lyst til å teikna og skriva si eiga biletbok.

Det blir forfattarmøte tysdag 14., onsdag 15. og torsdag 16. november kl. 9.30, kl. 10.30 og kl. 12. Møtet varer om lag 45 minutt. Påmelding til biljana@litteraturhuset.no.

Dette skjer 10 - 21. oktober