Stemmer fra Groruddalen. Med Zeshan Shakar og Don Martin 2

Forfattermøte med Ingunn Thon

bookmark

Skulebesøk for mellomtrinnet

tirsdag 13. februar 2018, kl. 09:30

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis med påmelding

Anbefalt for: Skolebesøk for mellomtrinnet

Det er både fi nt og litt slitsamt å vere Ollis, ti år. Den nye veslebroren Ian kjennest defi nitivt som ein ekte bror. Men å bli kompis med Einar, mamma sin nye og irriterande kjæraste, er berre ikkje aktuelt. For Ollis har sin eigen far, sjølv om han er død. Bra at ho har Gro, som bor rett ved og tør alt mogleg. Gro har berre grine ein gong i heile sitt liv, og det var då ho vart fødd. Dessutan er ho oppteken av kamufl asje og dreg Ollis med på oppdagingar. Ein dag fi nn dei ei mystisk, gul postkasse langt inne i skogen og eit kort med Ollis sitt namn på. Kven kan det vere ifrå? Og har mamma fortalt heile sanninga om far hennar?

Ingunn Thon er dokkespelar og programleiar i NRK. Ollis er den fyrste boka hennar og er illustrert av Nora Brech. Ho kjem til Litteraturhuset for å fortelje om Ollis, om fantasi og pågangsmot og om å vere både modig og redd på ein gong.

Det blir forfattarmøte tysdag 13., onsdag 14. og torsdag 15. februar kl. 9.30, kl. 10.45 og kl. 12.00. Møta varer om lag 45 minutt. Påmelding til skole@litteraturhuset.no.

Program 20 - 25. januar