Stemmer fra Groruddalen. Med Zeshan Shakar og Don Martin 10

Forfattermøte med Tor Arve Røssland

bookmark

Skulebesøk for ungdomsskular

tirsdag 27. februar 2018, kl. 09:30

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis med påmelding

Anbefalt for: Ungdomsskoler

Jon flyttar frå byen ut til ei øy i havgapet saman med mor si. Ho er lege og har fått jobb på sjukeheimen, og Jon skal gå på ungdomsskulen. Han gruer seg til å prøve å få seg nye vener på Grovøy, for han stammar så forferdeleg når han skal prate med folk han ikkje kjenner så godt.
Det heile verkar litt mindre håplaust då han møter den kule Rebekka som spelar trommar i det lokale rockebandet. Men kvifor vågar ingen å vere på ungdomshuset seint om kvelden?

Glimt av Tor Arve Røssland er ein grøssar som vev saman Jons historie i notid og foreldrelause Solveigs historie frå andre verdskrig. Ho budde òg på Grovøy, og femten år gammal vart ho tvungen til å vere tenestejente hos ein tysk kommandant. Kva hende eigentleg på øya under krigen? Og på kva vis påverkar det Jon sitt liv, over sytti år seinare?

Det blir forfattarmøte tysdag 27. og onsdag 28. februar kl. 9.30, kl. 10.45 og kl. 12.00. Møtet varer om lag 50 minutt.
Påmelding til skole@litteraturhuset.no.

Program 20 - 25. januar