Forfattarmøte med Arnfinn KolerudIll.: Cappelen Damm / Irene Marienborg
Skolebesøk

Forfattarmøte med Arnfinn Kolerud

bookmark

Skulebesøk for mellomtrinnet

mandag 1. april 2019, kl. 09:30 til torsdag 4. april 2019, kl. 13:00 – Utsolgt / Fullt

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Påmelding

Kva skal ein bruke pengane på når ein vinn 24 millionar i lotto? Ein gravemaskin, ei golfbane, ei reise til Mars? Frank og Mor bestemmer seg for at dei skal gi bort ein million til den i bygda som er snillast. Men korleis bestemmer dei kva som er snilt? Og kva om konkurransen gjer folk mindre snille i staden for meir?

I Snillionen, som vann Kulturdepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur i 2017, har Arnfinn Kolerud skrive historia om Frank, Mor og snillionen. No kjem han til Litteraturhuset for å fortelje om kva det tyder å vere snill, og om ein kan vere god når ein også er rik.

Det blir forfattarmøte for 5.-7. trinn måndag 1., tysdag 2., onsdag 3. og torsdag 4. april kl. 9.30 og 12.00 alle dagar. Møta varer om lag 45 minutt. Påmelding til skole@litteraturhuset.no.