Frå mobbeoffer til kulturarbeidarFoto: Tove K. Breistein

Frå mobbeoffer til kulturarbeidar

bookmark

Bjørn Hatterud: Mot normalt

mandag 19. november 2018, kl. 17:30 til kl. 19:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Vennelaget Samlagsrota

Inngang: Gratis

Boka Mot normalt i Samlagsserien Norsk røyndom er forteljinga om ei særmerkt klassereise frå Prøysens husmannsplassar til kulturelitens arbeidsplassar. I samtale med Per Koren Solvang, sosiolog og professor i (re)habilitering ved OsloMet, fører Bjørn Hatterud oss inn i sitt liv med funksjonshemming, overvekt, homofili og mobbing: «Ein klassereisande homse med funksjonshemmingar frå ei lita bygd som bur i ein stor by, som haltar når han går, har kroppsspråket til ein arbeidar og dialekta til ein husmannsson, men som snakkar om kunst, eksperimentell musikk og anna eksentrisk og smaklaust, vil aldri kunne passere som normal uansett.» Dette er ei historie om motgang, personleg styrke og ei modig mor.