Heldagskurs: IntervjuteknikkFoto: Jon Terje Hellgren

Halvdagskurs: Dramaturgi, språk og stil

bookmark

tirsdag 16. november 2021, kl. 12:00 til kl. 16:00

Sal: Kverneland

Arrangør: Norsk tidsskriftforening

Inngang: Billett

Priser: Deltakelse 500,-

Det er meir enn ein måte å få tekst til å flyte godt på, men det startar alltid med dette: Teksten må vere godt oppbygd og kjennest logisk.

Med eit stort ord kallar vi dette dramaturgi. Første del av dette kurset skal dreie seg om det. Vi studerer korleis tekstar i ulike sjangrar er bygde opp, og ser på tekstar deltakarane har sendt inn til vurdering. Del to dreier seg om det språklege og stilistiske. Korleis kan vi få teksten til å puste, kva reiskap har vi til disposisjon for å skape liv og variasjon? Vi skal gjennom ei rekkje hjelpemiddel, og sjå dei brukte i praksis. Til saman skal du sitje att med ei liste av tekstlege grep du kan bruke når sjansen byr seg.

  • Forteljemodellar
  • Spenningskurva
  • Å snikre saman elementa
  • Bruken av avsnitt og mellomtitlar, overgangar
  • Slik bruker du setningane og orda

Fagleg ansvarleg: Asgeir Olden

Fram til 2021 var han i femten år på Institutt for Journalistikk, der han hadde ansvaret for dei fleste av skrivekursa på instituttet. Før den tid var han journalist og redaktør, først i Sunnmørsposten, så i Dag og Tid, Bergens Tidende og Nynorsk Pressekontor. Han har skrive ni bøker, og sat som representant for Presseforbundet i  Norsk Språkråd i 16 år.

Kurset blir arrangert av Norsk tidsskriftforening med støtte frå Fritt Ord og Fagpressen.