Kva er ei bok?

Kva er ei bok?

bookmark

Om illustrert samtidslitteratur

tirsdag 22. januar 2019, kl. 18:30 til kl. 20:00

Sal: Nedjma

Arrangør: Vidarforlaget

Inngang: Billett

Priser: Ordinær 100,-

Vilborg S. Hovet har studert illustrert litteratur attende frå då boka og bokstavane kom til Noreg for ca. tusen år sidan og til i dag, og jaktar på kvalitet og nyskaping i samtidslitteraturen. Der finn ho også bilderoman, teikneserie og artists’ books.

I eit par tusen år har boka vore det viktigaste mediet for lagring og formidling av litteratur og kunnskap. I fem hundre år har papir vore eit så vanleg materiale at ordet bok er blitt synonymt med papirbok. I løpet av dei siste to–tre tiåra har dette forandra seg mykje. Kva er det med mediet papirbok? Kva for spesielle eigenskapar har ei bok, og kva er det med materialet papir?