Kvinnene i den heilage boka

Alf Kjetil Walgermo om kvinnene i Bibelen

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Alf Kjetil Walgermo om kvinnene i Bibelen

Gud, Jesus, Moses og Judas. Bibelen har mange menn som synest godt og som har fått mykje merksemd i åra som har gått sidan kristendommen oppstod som religion. Kvinnene i Bibelen har fått mindre fokus, trass i at også fleire av dei spelar viktige roller. 195 kvinner står med namn i Bibelen, og like mange er namnlause. Nokre er ambisiøse og skruppellause, og går over lik for å oppnå det dei vil, skaffar seg hovud på fat. Andre er kloke, modige leiarar, som bergar folket sitt frå ublide lagnader. Dei er døtrer, systrer og mødrer, og no har dei òg fått si eiga bok.

Forfattar Alf Kjetil Walgermo har tidlegare gitt ut m.a. Røff guide til Bibelen (2017). No er han aktuell med Bibelens kvinner. Historiene som forma verda, og i dette digitale foredraget ser han nærmare på korleis kvinner vert framstilte i bibelteksten, biletkunsten og i litteratur, musikk og film.

Videoen er ikke lenger tilgjengelig.

Litteraturhuset Digitalt Seniord Litteraturhuset strømmer Forfattersamtale Digitalt Gratis - digitalt

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!