Verda som var 2Foto: Hans Jørgen Brun (Vaage) og Pål Audestad (Hoem)

Verda som var

bookmark

Lars Amund Vaage, Edvard Hoem og Janneken Øverland i samtale

torsdag 25. februar 2021, kl. 18:00 til kl. 19:00

Sal: Digitalt

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis - digitalt

Ein bondeson som skriv mørke, eksistensielle dikt, og ein felemakar som speler Händels Trauermarsch på grava til kona si. Men også kalde fjordar, å ro etter dokteren, slitet på klippfiskberga, stein å rydde ut av åkeren, draumar å drøyme.

Lars Amund Vaage er aktuell med romanen Det uferdige huset. Edvard Hoem har skrive romanen Felemakaren. No møter dei to litteraturkritikar og tidlegare forleggjar Janneken Øverland til samtale om familiehistorie, kunstnarkall og eit Noreg som var.

Med Felemakaren har Edvard Hoem skrive fram eit nytt kapittel i si eiga slektskrønike, den han starta på med Slåttekar i himmelen (2014). Denne gongen handlar det om Lars Olsen Hoem, fødd i 1782, som lærer seg fiolinbygging mens han sit i fem år som fange på eit britisk fangeskip.

I Det uferdige huset møter vi Gabriel Hauge, som då han blir fødd, misser mor og tvilling i barsel, og lyset forsvinn frå garden ved fjorden. Som ung vaksen søkjer Gabriel seg bort, skriv dikt, og kva veg tyngst: plikt, røter og det å høyre til eit landskap eller kunstnarkallet? Det uferdige huset er ein av romanane som er nominert til P2-lytternes romanpris for 2020, som blir delt ut i slutten av februar.

Dei to forfattarane skriv begge ut frå eiga familiehistorie i dei nye romanane sine. Vaages hovudperson Gabriel får eit liv bygd over lagnaden til Vaages farfar, fødd i 1889. Hoem skriv om Lars Olsen Hoem, fødd hundre år tidlegare, med utgangspunkt i sin bestefars anekdotar.

Både Hoem og Vaage har breie forfattarskap bak seg og har gjennom mange år sett tydelege merke i den norske samtidslitteraturen, og det er to av norsk litteraturs absolutte storingar som her møtest på scena til Litteraturhuset.