Kjøt og klima for dummies

Kjøt og klima for dummies

bookmark

Ved Christian Anton Smedshaug

lørdag 25. mai 2019, kl. 15:00 til kl. 16:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Kva skal vi ete i framtida? «For å stille riktig diagnose for verdens matproduksjon kreves en forståelse av at landbruk i bunn og grunn er en lokal, og ikke en global aktivitet», skreiv Christian Anton Smedshaug i kronikken der han kritiserte rapporten frå EAT-Lancet for framlegget deira til ein ny global diett.

For er det no sikkert at det er betre for miljøet å erstatte kortreist norsk kotelett med avokado frå Chile? Smedshaug er leiar i Agri Analyse og har mellom anna teke til orde for å sjå kjøteting og -produksjon i samanheng med andre faktorar som lokalt ressursgrunnlag, kulturlandskap og biomangfald, levande bygdesamfunn og ikkje minst makt over verdikjeda. Men korleis kan det ha seg at ulike forkjemparar for eit berekraftig landbruk kan bruke same kjelder og kome til heilt ulike konklusjonar?

Arrangementet er del av «Matpolitikk for dummies», laurdagsserien til Litteraturhuset denne våren.