Norsk fiskeripolitikk for dummies

Norsk fiskeripolitikk for dummies

bookmark

Ved Jahn Petter Johnsen

lørdag 11. mai 2019, kl. 15:00 til kl. 16:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Kva har du tenkt om deltakarlov, råfisklov, kvotesystem og strukturering i det siste?

Fisken er Noregs viktigaste fornybare ressurs. Men språket som vert nytta om det norske fiskeriet, er vanskeleg å trengje gjennom. Faktisk så vanskeleg at ein kan snakke om eit demokratisk problem.

Jahn Petter Johnsen er professor ved Norges Fiskerihøgskole/Norges Arktiske Universitet og tek på seg den vanskelege oppgåva å opne opp fiskerispråket for allmenn-publikummet. Han vil òg sjå nærare på dei vanskelege vala ein må ta når vi skal forme ein fiskeripolitikk for framtida. For korleis skal vi forvalte fiskeria til det beste for menneska, havet og klimaet?

Arrangementet er del av «Matpolitikk for dummies», laurdagsserien på Litteraturhuset denne våren.