Nedstengt oppvekstFoto: UiO: Norden

Nedstengt oppvekst

bookmark

Kva for konsekvensar fekk korona-nedstenginga for barn og unge?

tirsdag 15. desember 2020, kl. 19:00 til kl. 20:30

Sal: Digitalt

Arrangør: UiO:Norden

Inngang: Gratis - digitalt

Kva for kostnadar får det for barn og unge når samfunnet stenger ned? Går det utover familielivet? Tapar dei utdanning? Eller blir det kanskje mindre digital mobbing når alt skjer på nett? Var det naudsynt å stenge skulane og barnehagane, eller blei kostnadane for høge? Ny forsking gir svar.

Deltakarar:

Trond-Viggo Torgersen, lege og tidlegare barneombud.

Elisabeth Staksrud, professor i medievitskap og leiar av forskargruppa Living the Nordic Model.

Kristinn Hegna, professor i utdaningsvitskap og kordinator for forskargruppa Living the Nordic Model.

Pål Suren, forskar på barns helse og utvikling ved Folkehelseinstituttet. Medlem av tverrsektoriell gruppe ved Bufdir som vurderar konsekvensar av smitteverntiltaka.

Tore Rem, direktør for UiO:Norden.

Arrangementet er ein del av «UiO: Norden-samtalen», ein arena for samtale om aktuelle nordiske spørsmål.
Kvar samtale blir innleia av forskarar tilknytt den tverrfaglege forskingssatsinga UiO: Nordenved Universitetet i Oslo. Gjennom månadlege arrangement denne hausten vil vi løfte fram ny forsking som kan gje nye perspektiv, både på dagsaktuelle emnar og på vår felles historie.