Norden og USA

Norden og USA

bookmark

mandag 15. januar 2018, kl. 18:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Foreningen Norden

Inngang: 100,-

Donald Trump har no vore president i USA i eitt år. Har han forandra det gode forholdet mellom NORDEN og USA?

Vi har eit panel med gode kunnskapar om USA og kontakten med Norden som vil diskutere dette.

Thorvald Stoltenberg har arbeidet med politikk og diplomati heile livet. Han var forsvarsminister og utanriksminister i to periodar. Stoltenberg var konsul i San Fransisco 1958 og har vore diplomat i mange land.

Ole Moen var professor i nordamerikansk historie fram til 2010. Han har skrive sju bøker om amerikansk kultur, historie og politikk. Ole Moen har også skrive bok om alle USA sine presidentar. Boka blei ajourført i haust slik at også dei to siste presidentane, Obama og Trump, er omtalte.

Gro Holm har arbeidt i NRK frå 1982 og vore korrespondent i Sovjet, og i USA frå 2013 fram til hausten 2017. Ho dekte siste presidentvalkampen i USA og Donald Trumps første tid som president.

Åsulv Edland frå Foreningen Norden er møteleiar.