Norsk målstemne 2020

bookmark

lørdag 29. august 2020, kl. 12:00 til kl. 16:00

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Høgnorskringen

Inngang: Gratis med påmelding

Det er tridje året at Norsk målstemna gjeng fyre seg på Litteraturhuset i Oslo. Emnet i år er tvo diktarar som båe skreiv på høgnorsk, eller klassisk nynorsk: Hans Henrik Holm (1896–1980) og Olav H. Hauge (1908–94). Bakgrunnen deira var ulik, og det var òg skilnader i stilen og kva tema dei skreiv um. På dette seminaret skal me læra meir um deim båe tvo. Tilskiparar er Høgnorskringen, Norskt Måldyrkingslag og målnemndi åt Bondeungdomslaget i Oslo.

Program
Kl. 12.00: Hans Henrik Holm – arkaiskt mål eller folkeleg tale? Ved Anders O. Søyseth, styresmann i Høgnorskringen
Kl. 12.45: Hans Henrik Holm i Setesdal. Ved Leonhard B. Jansen, leiar av Setesdalsmuseet
Kl. 13.30: Pause
Kl. 14.00: Skùmt um havlandet skòddheimen låg. Ved Cornelius Jakhelln, diktar og musikar
Kl. 14.45: Olav H. Hauge og nynorsk attdiktingskunst. Ved professor Klaus Johan Myrvoll og fyrsteamanuensis Ronny G. Spaans

Det er fri inngang, men med påmelding av umsyn til korona-stoda til Ole Kristian Grønneng: okgronneng[at]gmail.com.