Norsk Sakprosafestival 2019Ill.: Shwan Dler Qaradaki

Norsk Sakprosafestival 2019

bookmark

lørdag 12. oktober 2019, kl. 11:00 til kl. 20:00

Sal: Hele huset

Arrangør: Norsk Sakprosafestival

Inngang: Gratis

Går det til helvete? spør Norsk Sakprosafestival 2019. Trass krigar, klimakrise og bompengekrise vel Norsk faglitterær forfatter-  og oversetterforening å arrangere Sakprosafestivalen for sjuande gang.

Krigsforfattaren over alle krigsforfattarar, Antony Beevor, held eit foredrag om Den største krigen. Svenske Thomas Erikson foredreg, med utgangspunkt i boka Omgitt av psykopater, om psykens mørkare side. Terapeutane Sissel Gran og Peder Kjøs går til time med kvarandre og let oss vere med inn på terapirommet.

Eirik Lande blar oss gjennom kontaktannonser frå då ein var anonyme medan ein søkte etter partnarar. Kven vinn i kampen om partnarane? Og kva er igjen av arten laks? Det blir laksedebatt med m.a. forfattarane Morten A. Strøksnes og Kjersti Sandvik, og representantar frå bransjen, og eit miniforedrag frå lakseekspert Asbjørn Vøllestad. Etter lakseslakt skal vi sjå på det som er krise for nokre forfattarar: Å bli slakta. Morgenbladet-salongen markerer 200 år med litterær slakt.

Var alt så mykje betre før? For å oppsummere nokre av undertema, får vi foredrag basert på Universitetsforlagets “Hva er”-bøker: Kva er krig? Kva er ein flyktning? Og kva er eigentleg klima? Og er det sant at, i medisinsk terminologi, den natta når ein anten døyr eller overlever og blir frisk igjen.