Nyttårsselskap med James Joyce

Med Mary Fitzgerald, Tore Rem og Petter Winther

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Med Mary Fitzgerald, Tore Rem og Petter Winther

T. S. Eliot meinte at James Joyces «Dei døde» var ei av dei beste novellene som nokon gong er skrive. Mellom dei mange som synest å vera samde, er litteraturprofessor og forfattar Tore Rem og den irske journalisten og Joyce-entusiasten Mary Fitzgerald. Saman med skodespelar Petter Winther og kokkane i Kafe Oslo inviterer dei denne kvelden til eit Joyce-inspirert nyttårsselskap med både åndeleg og fast føde.

«Dei døde» er den siste novella i James Joyces Dubliners, og handlinga går føre seg i eit nyårsselskap den 6. januar 1904. Hovudpersonen, Gabriel Convoy, kjem i lag med si kjære Gretta når selskapet er i gang. Det blir spelt, drukke, dansa og ete, og då folketonen «The Lass of Aughrim» vert framførd, kjem Gretta til å hugsa den ho har mista – og Gabriel sjølv til å innsjå rystande ting om kjærleiken.

På nett same dato som handlinga i novella går føre seg, inviterer Litteraturhuset og Kafe Oslo med vener til nyttårsselskap. Menyen er naturleg nok ei fortolking av Joyces litterære meny. Tore Rem fortel om forholdet mellom Joyce og Ibsen, to verdsforfattarar frå periferien, som òg deler eksilet som erfaring. Det irske alibiet denne kvelden, Mary Fitzgerald, har i ei årrekkje vore utanrikskorrespondent for The Irish Times og bidragsytar til BBC Radio. I dag bur ho, som Joyce, i eit slags sjølvvald eksil i Frankrike, der ho mellom anna har arrangert re-enactments av novella. Denne kvelden fortel ho om kva Joyce og «Dei døde» har hatt å seia for det irske. Og som om ikkje det var nok, kjem òg skodespelar Petter Winther, som les frå den nye gjendiktinga av Jon Fosse.

Pris: 550,- inkl. mat, aperitif og underhaldning

Arrangert med støtte frå Irlands ambassade

Litteraturhuset Amalie Skram Billett inkl. mat og underhaldning https://litteraturhuset.ticketco.events/no/nb/e/nyttaarsselskap_med_james_joyce

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!