Om militærpolitikk, atomvåpen og norsk USA-servilitetIll.: Samlaget

Om militærpolitikk, atomvåpen og norsk USA-servilitet

bookmark

Jon Hellesnes i samtale med Kjartan Fløgstad

mandag 25. februar 2019, kl. 17:30 til kl. 19:30

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Vennelaget Samlagsrota

Inngang: Gratis

Norsk utanriks- og forsvarspolitikk er basert på politisk konsensus og blir sjeldan sett under debatt. Det grunnleggjande dogmet er at politikken er stabil og har halde stø kurs sidan 2. verdskrigen. Men Jon Hellesnes peikar på at situasjonen har endra seg dramatisk under den nye kalde krigen som vi no er midt oppe i.

Gamle USA-doktrinar frå den første kalde krigen står ved lag: Russland er definert som eit fiendeland, USA har rett til å gripe inn overalt der fridom og demokrati er truga, små land som Noreg er utvalde til krigsteater. Men på norsk side er politikken under forvandling, særleg basepolitikken og atomvåpenstrategien. Noreg posisjonerer seg på den aggressive sida i den nye kalde krigen og er i ferd med å overlate norsk militærpolitikk til USA og NATO.  Solberg-regjeringa inviterer USA til å opprette militærbasar og flybasar og halde store militærøvingar i Noreg. Amerikanske ubåtar får bruke det norske satellittbaserte kommunikasjonssystemet i nordområda.

Parallelt med dette har den norske militære forsvarskapasiteten blitt bygd ned. Noreg må ikkje berre gi avkall på å hevde eigne interesser, men let USA overta strategisk viktige funksjonar. Er det verkeleg slik at amerikansk militærpolitikk tener Noregs sak i eitt og alt? Korleis kan vi løyse problemet med å få til ein meir sjølvstendig og fornuftig utanriks- og tryggingspolitikk som ikkje fører oss i retning krigen, men siktar mot ei tryggare verd? Jon Hellesnes startar i språket, og viser at klart språk er ein føresetnad for ei heilt nødvendig drøfting av NATO og norsk utanrikspolitikk.

No møter han Kjartan Fløgstad til samtale.

Plass kan reserverast ved å sende mail til samlagsrota@gmail.com.