Oversatt Aften 17Foto: Herborg Pedersen

Oversatt Aften

bookmark

Ragnar Hovland om å kjempe med klassikarar

torsdag 23. august 2018, kl. 19:00 til kl. 21:00

Sal: Kverneland

Arrangør: Norsk Oversetterforening

Inngang: Gratis

Ragnar Hovland, forfattar og omsettar, er midt i prosessen med å gi Emily Brontës kjende klassikar Wuthering Heights ny språkdrakt på norsk og vil snakke om korleis det artar seg. Noko av vanskane med å omsette så gammal klassisk tekst er at ein som alltid vil prøve å vere mest muleg trufast mot originalen. Dette gjer det ekstra krevande å få ein til dels kronglete original til å gli lett på norsk, og gjere den god å lese for ein samtidig lesar. Dei klassikarane som held seg gjennom tidene, er laga av slikt stoff at dei kan skine gjennom ulike periodars språklege bearbeiding, noko som jo mest blir gjort kvar gong dei blir skrivne på nytt på andre språk.

Hovlands kommande versjon er omsett etter førsteutgåva. Her er det på sin plass å få sagt at den fullstendige utgåva også er kommen på norsk før, nyomsett til bokmål i 2004, i ein fin versjon ved Ragnfrid Stokke. Ragnar Hovland omset no klassikaren for første gong til nynorsk og tettar dermed nok eitt av dei mange hola i tilbodet av klassisk verdslitteratur på moderne nynorsk. Tidlegare har han stått for m.a. Sir Arthur Conan Doyle: Hunden frå Baskerville, Maria Edgeworth: Rackrent slott og teaterstykke av Schiller (Røvarane) og Marivaux (Kjærleikens og tilfellets spel).

Oversatt Aften er Norsk Oversetterforenings soaré for formidling av og diskusjon om den oversatte litteraturen.