Oversatt Aften 13

Oversatt Aften

bookmark

En folkefiende og andre norske typar i Spania

torsdag 8. februar 2018, kl. 19:00 til kl. 20:00

Sal: Kverneland

Arrangør: Norsk Oversetterforening

Inngang: Gratis

Det siste tiåret under Franco (d. 1975) og i overgangstida etterpå var det aukande interesse for Ibsens verk i Spania, eit halvt hundreår etter at forfattaren sist var i vinden der. Fjernsynsteatret og diverse teaterscener laga mange og til dels svært gode oppsettingar. Korleis tok publikum imot «En folkefiende» i denne perioden, eit av dei mest politiske stykka hans? Og kor nær var replikkane eigentleg Ibsens eigne ord?

Dette er det nok ikkje mange her som har tenkt på, men det har norskspanske Cristina Gómez Baggethun, som vi er så heldige å ha som gjest på Oversatt aften. Ho tar doktorgrad på «En folkefiende» i Spania 1962–82 og er for tida doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Oslo. Men ikkje minst har ho dei siste åtte åra vore deltakar i det pågåande og banebrytande «Ibsen in Translation»-prosjektet i regi av Senter for Ibsenstudier (UiO), der dei siste 12 stykka hans blir nyomsette til åtte språk parallelt.

Baggethun har elles omsett norsk litteratur til spansk i mange år, frå klassikarar til samtidsforfattarar som Per Petterson, Ingvar Ambjørnsen, Roy Jacobsen og Herbjørg Wassmo. Spennvidda er stor. Kor ofte får vi høyre om norsk litteratur og språk frå «den andre sida»?

Oversatt Aften er Norsk Oversetterforenings soaré for formidling av og diskusjon om den oversatte litteraturen.