QuizFoto: Litteraturhuset

Quiz

bookmark

NM i litteratur

onsdag 13. desember 2017, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Kven blir noregsmeister i litteratur i 2017? Atter ein gong har du høve til å ta ein pause frå kakebakst og golvvask, og tørke støvet av gammal kunnskap: levande og døde forfattarar, gode sitat, sære pseudonym og nesten ukjende passasjar frå Det nye testamentet. Set saman eit lag av vener med om lag same ambisjonar som du sjølv, les gamle heltar om att, og ta med ein penn som fungerer. Så er det klart for å utfordre vinnarlaget frå i fjor og gjere sitt for å få namnet sitt inngravert på den gjæve vandrepokalen.

Spørjemeistrar er Tuva Ørbeck Sørheim, Anne Gaathaug og Aslak Sira Myhre.

Maks seks deltakarar per lag. Påmelding til post@litteraturhuset.no.

Dette skjer 10 - 24. oktober