Kven skal vi heia på

Kven bør vi heia på når Noreg ikkje er med i VM?

bookmark

Linda Eide (Sverige), Lars Petter Sveen (Danmark) og Odin Eiriksson (Island) i debatt

lørdag 16. juni 2018, kl. 14:00

Sal: Kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Forfattar Lars Petter Sveen er eigenleg Italia-fan, men det er jo ikkje tingen å vera i år. Er han rett og slett nøydd til å halda med Danmark, ettersom mora er dansk? Eller kva med Egypt, i solidaritet med den turbulente politiske situasjonen der?

Som svenskgift er Sverige ein naturleg favoritt for forfattar og programleiar Linda Eide, men litt brenn også hjarta for Argentina og Brasil. Elles er det som alltid ambivalens: Etter mange år med intenst tysk fotball-hat har ho no husvære i Berlin. Men kan ein eigenleg endra seg som menneske? Og er det eigenleg trist at Noreg ikkje er med i VM?

Odin Eiriksson er komikar og vart tidlegare i år nominert til Oslo-prisen for Årets live. Han stiller til debatt med vind i segla dagen før den islandske nasjonaldagen, og ikkje minst: No som Island er med i VM for fyrste gong.

Tidlegare debattansvarlegi Dagbladet, Vålerenga- og Liverpool-supporter Cornelia Kristiansen leier debatten.

Etter debatten vises Argentina – Island kl. 15.00 og Peru – Danmark kl. 18.00.