Saklig søndag 42

Saklig søndag

bookmark

Are Kalvø om hyttebok frå helvete

søndag 9. desember 2018, kl. 13:00 til kl. 14:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Tanum Litteraturhuset og Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Komikar og forfattar Are Kalvø er ein utprega bygdeurbanist. Sjølv om, eller kanskje nettopp fordi, han er oppvaksen i naturskjønne omgivnader på Stranda på Sunnmøre, har han aldri hatt snev av den typisk norske dragninga mot naturen.

Men brått oppdagar han at alle han kjenner, driv med skigåing og hytteturar. For første gong sidan dei obligatoriske tvangsturane på barneskulen bestemmer han seg for å spenne på seg skiene.

Velkomen til eit morosamt og kanskje litt sinna skråblikk på nordmenns natur og hyttekultur.

Arrangementet er ein del av Litteraturhuset si satsing Folkeopplysning