Vaffelhjarte 2ILL.: Bo Gaustad

Vaffelhjarte

bookmark

Teaterforestilling med besøk av Maria Parr

lørdag 25. januar 2020, kl. 12:00 til kl. 12:50

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billettsal frå 13. januar kl. 9.00

Priser: Billett 50,-

Lena Lid kjem flyttande, og endeleg får Trille ein besteven. Men er det så sikkert at Lena er like begeistra for Trille som Trille er for henne? Dessutan må dei hjelpe mor til Lena ettersom det går så trått med å skaffe ein pappa.

No vert det laga ei heilt ny teaterframsyning basert på boka Vaffelhjarte av Maria Parr. Framsyninga skal på turné over heile Noreg i regi av Riksteatret, men fyrste stopp, før premieren til og med, blir på Litteraturhuset. Her får vi sjå nokre smakebitar frå historia om dei to venene i kystbygda Knert-Mathilde. Dessutan vitjar forfattaren Maria Parr huset! Vaffelhjarte var debutantboka hennar og kom ut i 2005. Kva tenkjer Maria Parr om å sjå boka si som teater, og kva skriv ho på no? Programleiar er Liv Gulbrandsen. Dessutan vert det loddtrekning! Nokre heldige publikummarar kan vinne fire billetter til framsyninga på Riksteatret til valfri dato.

Arrangementet passar best for barn frå fem år. Billettane vert lagde ut 13. januar. Arrangementet er eit samarbeid mellom Litteraturhuset, Riksteatret og Samlaget.