Yt etter evne, etter behov

Snikkikk med Olaug Nilssen

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Snikkikk med Olaug Nilssen

Yt etter evne, få etter behov er historia om ein heilt vanleg familie som har slutta å vere vanleg. Gjennom den psykisk utviklingshemma guten Benjamin, mor hans Lea som lurar på om ho har ME, og søstera hennar Rakel som sit igjen med åleineomsorg for Benjamin, utforskar romanen kva ansvar er, og korleis menneske ter seg mot kvarandre som familiemedlemmar og omsorgspersonar. Kven tar ansvaret ingen eigentleg maktar? Og finst det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska?

Olaug Nilssen debuterte med romanen Innstengt i udyr (1998). Sidan den gong har ho skrive bøker i ulike sjangrar. Særleg kjend er Nilssen for romanen Få meg på, for faen (2005) som óg er filmatisert, og Tung tids tale, om livet med eit autistisk barn, som ho vann Brageprisen for i 2017.

I Litteraturhusets serie «Snikkikk» les forfattarane frå sine enno upubliserte bøker. Nokon gonger kan det dreie seg om ei bok som kjem neste månad, andre gonger får ein kikke inn i en bok som kjem ut først om eit år eller kanskje lengre fram i tid.

Videoen er ikke lenger tilgjengelig.

Litteraturhuset Digitalt Gratis - digitalt Litteraturhuset strømmer Snikkikk

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!