Mørk sommar

Snikkikk med Ragnar Hovland

Icon of a place

Icon of an id badge

Organised byLitteraturhuset

Snikkikk med Ragnar Hovland

Historikaren Matteus Olstad vaknar av at politiet bankar på døra. Hans nærmaste nabo, Olivia Havnen, er blitt drepen i løpet av natta, kvelt i si eiga seng. Same dag dukkar den ti år gamle niesa hans opp, for å bu hos han i sommarferien. Mens politiet arbeider med mordsaka, strevar Olstad med å få ferdig den definitive bygdeboka om Nes kommune. Mysteria i bygda blir djupare og djupare, i bakgrunnen ligg den skremmande skogen, og Olstad kjenner seg stadig meir sentral blant mange mistenkte.

Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979 har han gitt ut over femti bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.

Litteraturhuset Kjelleren Snikkikk

Andre anbefalte arrangementer

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!