Information in English
Litteraturhuset
Om Litteraturhuset
Om Litteraturhuset

Noregs fyrste litteraturhus opna hausten 2007. Huset er vigt litteratur i den romslegaste tydinga av ordet, og årleg vitjar meir enn 250.000 huset.


Wergelandsveien 29 er Europas største litteraturhus og har rom for mange typar aktivitetar. Det passar både for dei som vil lese avisa over ein kopp kaffi, dei som vil ha mat for tanken på eit av arrangementa våre, og dei som vil halde sitt eige møte.

I fyrste etasje ligg bokhandel, kafé og hovudscena vår, Wergeland. Vidare opp i etasjane har vi fem scener og rom for samtale, debatt og formidling. Ei eiga avdeling er sett av til arbeid med barn og ungdom. Loftet er reservert for forfattarar og skribentar som treng ein arbeidsplass og ein møtestad i Oslo sentrum. Huset har òg ei eiga forfattarleilegheit for utanlandske forfattarar og intellektuelle.

Litteraturhuset er drive av Stiftelsen Litteraturhuset, som vart skipa av Institusjonen Fritt Ord i 2006. Huset er inspirert av ein tysk tradisjon for frie litteraturhus. Stiftelsen Litteraturhuset er uavhengig og ikkjekommersiell og har til føremål å formidle og vekkje interesse for litteratur og lesing.

Information in English

Uteservering

Huset2

Litteraturhuset 

 

 

 

Del denne siden på:
Print

Kafe Oslo
man - tor 10.00 - 00.30
fre - lør 10.00 - 02.00
søndag 12.00 - 20.00

Tanum Litteraturhuset
man - fre 11.00 - 20.00
lørdag 10.00 - 17.00
søndag 12.00 - 16.00