Litteraturhuset
Litteraturhuset
Afrika
Afrika

Afrikansk ukeInn i eit hjarte av mørker drog Europas handelsfolk, misjonærar og slavehandlarar når dei tok turen til Afrika. Og framleis når kontinentet vert diskutert eller presentert i Noreg er botnlinja ofte den same: Afrika er dei andre, og deira verdi ligg i vårt blikk på dei.

I vinter freistar me å gjera noko med dette på Litteraturhuset.

Me har invitert elleve afrikanske forfattarar til å lesa, snakka og halda foredrag her. Dei er her fordi det i Afrika no er ei litterær blømingstid utan like. Dei kjem fordi dei er viktige og interessante intellektuelle, ikkje fordi dei har fargerike klede. Kom du òg, eg garanterer at du veit meir om verda når du går igjen.

Aslak Sira Myhre, dagleg leiar


Chimamanda Ngozi Adichie • Ama Ata Aidoo • Alain Mabanckou • Petina Gappah • Tsitsi Dangarembga • Chika Unigwe • Chenjerai Hove Binyavanga Wainaina • Tolu Ogunlesi • Niq Mhlongo • Muhtar Bakare

Afrikansk veke vert arrangert 16.-21. november. Les meir. 


Åpningstider Kafe Oslo
man - tir 10.00 - 00.30
ons - lør 10.00 - 03.30
søndag 12.00 - 20.00

Åpningstider bokhandel
man - fre 11.00 - 20.00
lørdag 10.00 - 17.00
søndag 12.00 - 16.00