Information in English
Litteraturhuset
Hauge er død. Lever poesien?
Hauge er død. Lever poesien?

Onsdag 8. oktober kl. 1200, Amalie Skram
50,-
Arrangør: Hauge-Tveitt jubileet og Det Norske Samlaget

Hauge sine dikt finst på eit uttal nattbord og lesesalar, og har vore ei kjelde til innsikt og inspirasjon for generasjonar av lesarar. Dette seminaret følgjer Hauges utvikling som poet, forholdet han hadde til forgjengarar og førebilete i den europeiske modernismen, og til den yngre generasjonen som hadde Hauge som eit slags idol. Men vi vil også rette blikket framover: Korleis står det til med poesien i dag? Finn den seg like godt til rette i periferien som det Hauge gjorde?

Her møter vi nokon av dei fremste kjennarane av Hauge sin forfattarskap, frå akademia og bokheimen. Men vi møter òg eit utval av årets poesidebutantar som les frå sine bøker.. Slik ser vi Hauge og poesien i fortid og framtid.

Program:
1000: Dørene opnar

1030: Hans H. Skei: «På ørnetuva. Dikta og diktsamlinga i høve til Hauges samla forfattarskap» Erlend Nødtvedt les frå Harudes

1130: Atle Kittang: «Olav H. Hauge – Har vi han no?» Bård Torgersen les frå Bird imitator

1330: Ingrid Nielsen: «Hauge og den europeiske modernismen». Håkon Øvreås les frå Avstanden mellom hus

1430: Jan Erik Vold: «Om forholdet til Hauge». Trine Ness les frå Hvis jeg kunne hete noe annet

1530: Helge Torvund: «Glede, lykke og poesi».


Arrangør og tekst: Hauge-Tveitt jubileet og Det Norske Samlaget
For spørsmål om innhold, deltakere eller eventuelt billettsalg, ta kontakt direkte med arrangør.
Del denne siden på: Legg til i kalender
Print

Kafe Oslo
tlf: 21 54 85 71
man - tor 10.00 - 00.30
fre - lør 10.00 - 02.00
søndag 12.00 - 20.00

Tanum Litteraturhuset
tlf: 23 69 10 80
man - fre 11.00 - 20.00
lørdag 10.00 - 17.00
søndag 12.00 - 16.00