Litteraturhuset
Kva er det med Moby Dick?
 

Kva er det med Moby Dick?
Alberto Manguel i samtale med Fredrik Wandrup
Torsdag 10. desember kl. 1900
Wergeland
80,-
Arrangør: Litteraturhuset
Kjøp billetter

Illustrasjonsfoto

«Moby Dick er en slik bok man tror man kjenner, selv om man aldri har lest den», skriv Jan Kjærstad i føreordet til den ferske utgåva av Herman Melvilles Moby Dick

Moby Dick vert ofte kalla «den store amerikanske romanen», og mange reknar han som ein av dei viktigaste i verdslitteraturen. Boka har vore gjenstand for tallause adaptasjonar, frå John Hustons storfilm med Gregory Peck til Andebys Moby Duck. Ho kan lesast som ein spaningsroman om kvalfangst, men òg som ei historie om menneske tvinga om bord på ei ferd i tru, tvil og erkjenning. Kva er det som gjer at denne meir enn hundre og femti år gamle historia om jakta til ein hakke galen sjømann på ein spermkval framleis vinn nye tilhengjarar og vert lesen over heile verda?

Alberto Manguel, forfattaren av En historie om lesning, kjem til Litteraturhuset for å snakke med Dagbladets Fredrik Wandrup om Moby Dicks tiltrekkingskraft. Romanen har nett fått ny norsk språkdrakt av Bjørn Alex Herrman som vann Brageprisen for beste omsetjing.


Illustrasjon: Rockwell Kent/Plattsburgh State Art Museum


Arrangør og tekst: Litteraturhuset
For spørsmål om innhold, deltakere eller eventuelt billettsalg, ta kontakt direkte med arrangør.

Åpningstider Kafe Oslo
man - tir 10.00 - 00.30
ons - lør 10.00 - 03.30
søndag 12.00 - 20.00

Åpningstider bokhandel
man - fre 11.00 - 20.00
lørdag 10.00 - 17.00
søndag 12.00 - 16.00