Information in English
Litteraturhuset
Nynorskens framtid i media
Nynorskens framtid i media

Kva skal NRK gjere for å nå 25 prosentskravet til nynorsk, og treng me NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter for å få eit godt nynorsk mediespråk?

Torsdag 27. april kl. 1900, Amalie Skram
Gratis
Arrangør: Kringkastingsringen

Kringkastingsringen inviterer til ein open kveld 27. april på Litteraturhuset i Oslo. Kvelden byrjar kl 19 presis med ei innleiing frå Ingvild Bryn, som for tida er språksjef i NRK. Ho skal snakke om korleis dei jobbar med å nå stortingskravet om minst 25 prosent nynorsk på alle plattformar i NRK. Det vert høve til å stille spørsmål. 

Vidare vil me få ein debatt om kor vidt ein treng NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter i Førde for å sikre eit godt nynorsk mediespråk, kvifor er det ikkje tilstrekkeleg med dei andre journalistutdanningane? I panelet sit førebels Yngve Benestad Hågvar, førsteamanuensis frå Høgskulen i Oslo og Akershus og språkansvarleg ved journalistutdanninga; Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter, og prodekan ved avdeling for mediefag ved HiVolda, professor Paul Bjerke

Til slutt kjem det eit kulturelt innslag ved/Det Norske Teateret.

 


Arrangør og tekst: Kringkastingsringen
For spørsmål om innhold, deltakere eller eventuelt billettsalg, ta kontakt direkte med arrangør.
Del denne siden på: Legg til i kalender
Print

Kafe Oslo
tlf: 21 54 85 71
man - tor 10.00 - 00.30
fre - lør 10.00 - 02.00
søndag 12.00 - 20.00

Tanum Litteraturhuset
tlf: 23 69 10 80
man - fre 11.00 - 20.00
lørdag 10.00 - 17.00
søndag 12.00 - 16.00