Information in English
Litteraturhuset
Exit Europa
Exit Europa

Laurdagsforedrag ved Øivind Bratberg

Lørdag 13. mai kl. 1500, i Wergeland
Gratis
Arrangør: Litteraturhuset

Det britiske fleirtalet har tala: Storbritannia skal ut av EU. Røystinga har ført til ei polarisering, og statsminister Theresa May har langt frå eit samla folk i ryggen. Landet som framleis held seg med eit House of Lords og lange historiske politiske tradisjonar, er ikkje kjent for dramatiske omveltingar av det slaget vi såg med Brexit. Kva for utvikling kan vi sjå føre oss politisk og i det britiske samfunnet framover? Kva er utsiktene for unionen, for skotsk sjølvstende og for eit splitta Labour?

Øivind Bratberg er fyrstelektor ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo og har arbeidd særleg mykje med britisk politikk. I dette foredraget gir han ei innføring i britisk politikk og samfunn, som no står framfor store endringar.     

Foredraget er del av serien om europeiske stormakter i endring på Litteraturhuset denne våren.


Arrangør og tekst: Litteraturhuset
For spørsmål om innhold, deltakere eller eventuelt billettsalg, ta kontakt direkte med arrangør.
Del denne siden på: Legg til i kalender
Print

Kafe Oslo
man - tor 10.00 - 00.30
fre - lør 10.00 - 02.00
søndag 12.00 - 20.00

Tanum Litteraturhuset
man - fre 11.00 - 20.00
lørdag 10.00 - 17.00
søndag 12.00 - 16.00