Information in English
Litteraturhuset
Ved eit tysk vegskilje
Ved eit tysk vegskilje

Laurdagsforedrag ved Kate Hansen Bundt

Lørdag 27. mai kl. 1500, i Wergeland
Gratis
Arrangør: Litteraturhuset

Sterk økonomi og posisjon i EU har gitt Tyskland ei nøkkelrolle i Europa i dag. Angela Merkel har vorte sjølve symbolet på stabilitet gjennom år med finanskrise og aukande flyktningstraum, men ein kan ikkje sjå bort frå at landet får ein ny leiar etter valet i september. Kven er dei aktuelle kandidatane, og kva slags politikk står dei for? I media er det stort sett sambandskanslaren vi møter, men når det kjem til stykket vert mykje av politikken i Tyskland avgjort på delstatsnivå, med store regionale skilnader.
     
Kate Hansen Bundt er generalsekretær for Den norske Atlanterhavskomité og har bakgrunn frå NUPI der ho er styreleiar. I dette foredraget tek ho føre seg den politiske situasjonen i eit land som har vore gjennom dramatiske endringar, og ser på kva utviklinga kan ha å seie for resten av Europa.

Foredraget er del av serien om europeiske stormakter i endring på Litteraturhuset denne våren.


Arrangør og tekst: Litteraturhuset
For spørsmål om innhold, deltakere eller eventuelt billettsalg, ta kontakt direkte med arrangør.
Del denne siden på: Legg til i kalender
Print

Kafe Oslo
man - tor 10.00 - 00.30
fre - lør 10.00 - 02.00
søndag 12.00 - 20.00

Tanum Litteraturhuset
man - fre 11.00 - 20.00
lørdag 10.00 - 17.00
søndag 12.00 - 16.00