Forfattermøte Sunniva Relling Berg

25. februar 2020

– Det handlar ikkje om «oss» og «dei»

Skulebesøk med Sunniva Relling Berg

I løpet av to dagar har 924 ungdomsskuleelevar og lærarar vore med på forfattarmøte på Litteraturhuset!

Forfattar Sunniva Relling Berg har skrive tre bøker for ungdom, og boka Utfor blei nominert til den gjeve Brageprisen. Då ho møtte ungdomsskuleelevar frå seks klassar på Litteraturhuset måndag og tysdag denne veka, var det den ferskaste boka hennar Polarnatt det handla om.

– Det har vore veldig gøy å treffe ungdommane på Litteraturhuset desse dagane, fortel Relling Berg, som óg sendte ut spørsmål til elevane i forkant av forfattarmøta. – Det har vore rørande å lese alt elevane har skrive om einsemd, og særleg kva vi kan gjere for å hjelpe dei som kjenner seg åleine. Det er tydeleg at dette var eit tema dei hadde mykje å seie noko om, og som dei kjende seg att i, seier ho.

I Polarnatt, som er vakkert illustrert av Bjørn Rune Lie, møter vi to mindreårige asylsøkjarar, Ilias og Amira, som må rømme frå asylmottaket. Forteljinga handlar om å kjenne seg åleine og utrygg, men også om søskenkjærleik og hjelparar.

I tillegg til dei ni skulane som var representert, deltok denne gongen også elevar som er heilt nye i Noreg og ferske brukarar av det norske språket, fortel barne- og ungdomsansvarleg ved Litteraturhuset, Camilla Kuhn.

– Tematikken i boka til Relling Berg, nemleg einsemda og sårbarheita i det å være ny i Noreg, var derfor midt i blinken, seier Kuhn. – Det er fantastisk at Litteraturhuset kan vere med på å skape slike møtepunkt.

I ei tid der stadig fleire ungdommar sit med nasen i ein skjerm, jobbar Litteraturhuset aktivt for å gi dei møte med litteratur som kan skape lesarglede og utvide horisonten deira.

– Eg håper boka kan bidra til å vise at sjølv om vi har ulikt utgangspunkt, handlar det ikkje om «oss» og «dei», men om menneskelege kjensler og historier vi alle kan kjenne oss att i, seier Relling Berg om Polarnatt.

Skulebesøka er mogleg takka vere støtte frå Sparebankstiftelsen DNB. Til saman får kvart år ein stad mellom 14 000 og 17 000 elevar eit nært møte med forfattarar på Litteraturhuset.