Anna KleivaAnna Kleivas hjemmekontor. Foto: Privat

Anna Kleiva

Poetisk påskeegg

Anna Kleiva har gitt ut diktsamlingane Ti liknande versjonar (2011), Vårar seinare (2015), og Drikkeviser frå Paris. Ho har óg skrive Echo Mountain (2018), som kan seiast å vere ei essaysamling og skildringar, brotstykke og refleksjonar frå millionbyen Los Angeles.

Kleiva si dikting blir kjenneteikna av eit språkleg overskot, og eit sprelsk, humoristisk blikk på verda. Ho er nyskapande, original, lar dikta og tekstene gå sine eigne vegar og det paradoksale, motsetnadsfylte får sin naturlege plass.

Som dagens poetiske påskeegg les ho diktutdrag frå samlinga Vårar seinare.

 

Også Kleiva har svart på Litteraturhusets spørsmål:

 

Litteraturhuset: Kva var siste bok du las før koronaen kom til landet?

Anna Kleiva: Eg veit ikkje når ein skal seie at koronaen eigentleg kom, men den siste boka eg las medan eg framleis var relativt ubekymra, var diktsamlinga «Himlen» av den svenske debutanten Karl Daniel Törnkvist. Det var herleg å lese så tettfletta og fleirstemmig poesi – lenge sidan!

– Korleis ser kvardagen din ut nå? Har mykje endra seg dei siste vekene?

Eg har hatt mykje heimekontor opp igjennom, så det er ikkje så veldig uvant eller slitsamt for meg. Men det er noko med kjensla av å vere innelåst. Eg får rørt alt for lite på meg, og saknar å sjå (og ta på!) folk. På den andre sida slepp ein jo FOMO, og får gjort sånne ting som ein kanskje elles ikkje gjer: vaske kjøkkenvifta, bake brød, følge fast treningsrutine.

– Kva for forfattarskap vender du ofte attende til?

Joan Didion las eg først i 2013, så ho har ikkje vore med meg så lenge – men ho er nok den eg oftast vender meg til. Eg elskar å lese henne. Faktisk har eg ikkje lese A year of magical thinking, som vel er den mest kjende boka hennar, så den vurderer eg å ta fatt på no! Til dei som ikkje har lese Didion, men får lyst, ville eg sagt at The White Album er ei bra bok å starte med. Eller Play it as it lays dersom ein likar romanar best. Alle politiske typar burde lese Political Fictions.

– Er det ei spesiell bok du vil råde folk til å lese nå, om dei sit koronafast?

Eg skulle ønskje eg var ein slik person, ein person som hugsa bøker (og sitat frå bøker) til rett anledning. Men det kjem vel også an på kva ein vil med karantena si. Verkelegheitsflukt? Samfunnsanalyse? Nei, eg trur eg anbefalar ein annan favoritt, Mette Moestrup! Til den smukkeste heiter den siste diktsamlinga hennar. Den vekte leselysta mi frå dvale ein gong i vinter. Den som talar i dikta er faktisk ganske ofte åleine i eit rom – tenkjer, les, ikkje-statisk. Kanskje det verkar livgivande i isolasjonstida?

– Kva jobbar du med for tida?

Eg jobbar ikkje så veldig mykje akkurat no. Før korona skreiv eg nokre tekster til ulike tidsskrift. Veldig snart skal eg samle hjernen min og skrive ei lita bok til ei kunstutsilling.

– Kjem du til å skrive dikt eller roman om korona?

NEI.

– Kva trur du folk kjem til å seie om denne perioden i norsk historie når det heile er over?

Om de hadde spurt for eit par veker sidan, ville eg hatt nokre forslag. No er eg så lei av premature korona-analyser at eg avstår frå å svare.

– Er det spørsmål du synest vi burde ha stilt deg, som vi ikkje har stilt?

Ja, de har ikkje spurt om mine favorittaktivitetar for å halde ut isolasjonen! Det eg synest funkar best, er å spele musikk høgt. Då kjennest det som om eg har litt meir handlingsrom. Eg kjenner meg mindre fanga, og dansar litt, og blir glad. Eg har jamleg dansepause til 50-60-talsschlägers, og anbefalar også litt patetisk musikk, som Céline Dion-versjonen av All by myself.