150 år i Eventyrland

bookmark

Nærlesning ved Hovland og Bråtveit

fredag 13. november 2015, kl. 18:00

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

150 år er det sidan Lewis Carroll publiserte barnebokklassikaren Alice’s Adventures in Wonderland. Carrolls forteljing om Alice som forsvinn ned i eit kaninhol og kjem til ei verd der alt er snudd på hovudet, har hatt svært stor innverknad på moderne kultur og blir ofte rekna som opphav til nonsense-litteraturen. «Ei basisbok i samling», har forfattaren Ragnar Hovland kalla Alice, og fleire av bøkene hans har element frå den absurde logikken hjå Carroll.

I den kritikerrosa romanen Alice A4 har forfattaren Inger Bråtveit gått inn i ein meddiktande og mytologisk dialog med Alice. Bråtveit dreg Alice ut frå eventyrlandet og inn i drabantbyen, og kjende rekvisittar og scener blir sette inn i ein ny samanheng. Hovland og Bråtveit møter litteraturvitar Astrid Hygen Meyer til samtale om Alice som litterær figur, som myte og inspirasjon. 

ILL.: John Tenniel, fra 1. utg., 1865