50/50

bookmark

Frode Grytten

tirsdag 23. mars 2010, kl. 19:00

Sal: Nedjma

Arrangør: Samlaget

Inngang: Gratis

Frode Grytten presenterar sjølv si nye bok. Denne boka er ein hybridbil, stappa full av essay, reportasjar, parodiar, lesarbrev og skjulte skattar. Han trillar gjennom dagens Noreg, kastar sine skarpe blikk ut på eit mett sosialdemokrati. Ein og annan avstikkar blir det tid til, bilen sneiar innom USA, Romania og Litauen. Denne hybridbilen går på språklig overskot, humor og melankoli, Smiths-songar og kjærleik.