50 år med norsk litteratur
Med Olav Vesaas, Lars Saabye Christensen, Merethe Lindstrøm og Kim Leine
I 1964 får Tarjei Vesaas Nordisk Råds Litteraturpris for Is-slottet. Han er den første norske forfattaren som får denne prisen. Foreningen Nordens Oslo avdeling marker dette 50-års jubileet med eit møte i Wergeland-salen i Litteraturhuset.
Møte blir samtale med og om forskjellige norske forfattarar som har fått prisen. Temaet blir bøkene og kva denne prisen betyr. Publikum kan stille spørsmål i siste delen av møtet.
Deltakarar blir :
Olav Vesaas. Han fortel om Tarjei Vesaas som fekk prisen for Is-slottet i 1964.
Lars Saabye Christensen fekk prisen i 2002 for Halvbroren.
Merethe Lindstrøm fekk prisen i 2012 for boka Dager i stillhetens historie.
Kim Leine fekk prisen i 2013 for boka Profetene i Evighetsfjorden. (Kim Leine fekk prisen som dansk forfattar, men er oppvoksen i Seljord. Han har stadig tilknytting til Seljord der mor hans bur, og Seljord kommune gjorde ære på han i eit møte i februar i år. Det er også Kim Leine som sjølv skriv dei norske versjonane av bøkene sine. Derfor er han med her)
Møteleiar blir Åsulv Edland