Å lese kunst

bookmark

Med Lotte Konow Lund, Ole Robert Sunde og Pia Maria Roll

søndag 20. november 2016, kl. 14:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Korleis skal ein forstå eit kunstverk? Tre menneske innanfor kunstfeltet tek denne ettermiddagen ein nærare kik på eit og same kunstverk. Vil deira ulike ståstad som kunstnar, forfattar og dramatikar verke inn på det blikket dei brukar? 

Den amerikanske konseptuelle kunstnaren John Baldessari har laga kunstverket There isn’t time, som i desse dagar vert utstilt på Kunstnernes Hus. Verket er henta frå Baldessaris Goya-serie, der han brukar den spanske målaren Francisco Goyas biletetitlar på ulike fotografi i svart-kvitt. Goya nytta seg av titlane i dei groteske framstillingane sine av ulike maktovergrep i serien Krigens redsler (1810–15). Medan Goyas There isn’t time viser ei valdtektsscene der tre soldatar forgrip seg, viser Baldessaris bilete eit fotografi av ein blomsterbukett.

Lotte Konow Lund er teiknar, målar og videokunstnar og er no aktuell med ei stor soloutstilling på Henie Onstad Kunstsenter. Forfattar Ole Robert Sunde vart for den seinaste romanen sin, Krigen var min families historie, nominert til Nordisk råds litteraturpris, og kortprosasamlinga Tenk fort kom ut tidlegare denne månaden. Teaterkunstnaren Pia Maria Roll har gjennom framsyningane sine, mellom anna Ship O’hoi (2012) og Ses i min nästa pjäs (2015), etablert seg som ein av dei fremste innanfor norsk scenekunst. No presenterer dei kvar sin lesnad av Baldessaris Goya-serie. Tre miniføredrag, tre blikk på kunsten.

BILDE: John Baldessari, Goya Series: There isn’t Time, 1997, Ink jet print and Hand lettering on canvas.

Arrangementet inngår i «Kunsten møter litteraturen møter kunsten», en arrangementsserie der Litteraturhuset utforsker forholdet mellom kunst, bilder og litteratur på forskjellige måter. Les mer om serien her.