Äntligen…

bookmark

Ein kveld om nobelprisvinnar Mario Vargas Llosa

torsdag 18. november 2010, kl. 19:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

[Stockholm, år 2000] «Äntligen!» Ropet gjallar ut i den vyrdsame stilla. De Aderton rykkjer til i munnvika. Slikt gjer ein berre ikkje på Sveriges nest mest høgtidlege dag – sjølve kunngjeringa av nobelprisvinnaren i litteratur. Skodespelaren og journalisten Gert Fylking var mannen bak stuntet, og utropet vart tolka som ein ironisk kommentar til stadige tildelingar til forfattarar folk ikkje har høyrt om.

Vi talar om den viktigaste litteraturutmerkinga i verden, både når det gjeld omdøme og pengesum. I samsvar med Nobels testamente skal prisen gå til «den som innanfor litteraturen har produsert det beste i idealistisk retning» og i år falt valet på peruanske Mario Vargas Llosa. Han er ein av dei fremste forfattarane i Latin Amerika og fekk prisen for si «kartleiing av maktstrukturar og knivskarpe bilete av individet sin motstand, revolt og nederlag» i romanar som Dommedagskrigen og Bukkefesten. Til Litteraturhuset kjem professor og Vargas Llosa-ekspert Birger Angvik for å halde ei innleiing før han talar med kulturredaktør i NRK Hege Duckert og den salvadoranske forfattaren Horacio Castellanos Moya (aktuell med romanen Vanvidd på norsk) om forfattarskapen til Vargas Llosa og hans posisjon i latinamerikansk kultur og politikk. Programleiar er Fredrik Wandrup.

[Attende til Stockholm] Korleis gjekk det så med Gert Fylking? Etter at han gjorde opp att fornærminga i 2002, inviterte dåverande ständige sekreteraren Horace Engdahl oppviglaren på ein betre lunsj og sette skåpet på plass. No ropar han ikkje lenger, men andre har teke over arven, og seremonien vert sporadisk uroa av spontane brøl.